fredag 15. oktober 2010


FAGDAG I NORSK 15 OKTOBER 2010
SAGALITTERATUR.



Ja, Gisle Surrsona saga er ein typisk saga. Dette ser vi fordi han inneheld alle dei typiske trekka ei saga skal innehalde. I Gisle Surrsons saga ser vi at det handlar mykje om ære og kjærleik, vald, dramatiske situasjonar, draumar og hemn. Desse tinga er typiske for sagaer. filmen hadde handling i vikingtida, og det skildrar eit attesamfunn.

Gisle drap mange menneske, men han sparte også liv. I nåtiden ville han nok ikkje bli kalla ein helt, men før i tida var det kanskje meir heltemodig å drepe folk for å verne seg sjølv og dei ein er glade i. Gisle var også ein luring, han gav kappen sin til trellen for at dei som ville drepe han, heller tok trellen. Men på den tida var ikkje trellene noke verd så det at gisle let dei ta trellen i staden gjorde ikkje noko.

Sjøl om motivet berre er antydet, veit vi at det er Torgrim som er Vesteins drapsmann. Gisle veit også det, og Torgrim veit at Gisle veit.
Desse kvinnene er veldig sterke personar, med eigne meiningar. Den sterkaste av dei var kanskje Aud. Gisle og Aud var veldig glade i kvarandre, og ho støtta han gjennom alt. Tordis var også ein veldig sterk kvinne, men ho var mykje kaldare. Då Torgrim døydde, fann h0 seg ein ny mann på veg heim frå begravelsen, og det var Bork. Då Gisle vart drepe ville ikkje mennene slost meir, men Tordis prøvde å ta livet av han som tok livet av Gisle fordi han var broren hennar. Ho ville fortsetje å ta hemn. Åsgjerd var Torkjells kone. Ho startar ein lang kjede av tragiske hendingar når Torkjell overhøyrer at hennar innrømmelse av kjensler for Vestein.
Desse kvinnene er ikkje typiske saga- kvinner. De er mykje meir sentale i sagaen enn det dei eigentleg skal vere.
Filmen var lang og litt kjedlig. Men det vart meir spennande på slutten då Gisle vart drepe. Det var også litt vanskleg å sjå fordi det var så mange mørke scener. Filmen hadde vore betre om det ikkje hadde vore autoral synsvinkel. Då hadde vi kanksje skjønt litt meir.Det var vanskeleg å finne ut kven som var kven i filmen.

Iselin og Millie








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar